Offentleg indeksering i søkesystem på internett
Frå 1. oktober 2026 er restriksjonen mot indeksering i søkesystem på internett fjerna. Det vil seie at nettstaden kan bli fanga opp av søkesystem som Google, Bing, Duckduckgo og andre.
Grunnen til denne «soft-lanseringa» er at nettstaden kan byrje å bli oppdaga, indeksert, lenka til og besøkt, medan sjølve den store lanseringa kjem seinare. Google beskriv denne modellen som ein eigen lanseringsstrategi og peikar blant anna på fordelane ved at nettstaden kan bli kjend og testa med lågare trafikk før den offisielle lanseringa.
For Husmannsplassar synest vi dette passar spesielt godt. Dette er ikkje ein nettstad der verdien først oppstår når «produktet er ferdig». Sjølve utviklinga av prosjektet kan vere interessant for det opne publikummet: nye husmannsplassar kjem inn, nye område blir kartlagde, historisk materiale blir publisert, personar og hovudgardar blir knytte saman, og prosjektet veks geografisk. Bakgrunnsteksten eg allereie har arbeidd med (skal sjølvsagt vurderast og rettast/endrast ved behov) understrekar nettopp at dette er ment som ei nasjonal kartlegging, med store regionale variasjonar som skal dokumenterast.
På denne måten vil ikkje nettstaden og prosjektet på internett vere ukjent ved den offentlege lanseringa, men i staden forhåpentlegvis vere godt kjend, testa og kommentert, og i tillegg lenka til fleire stader på lanseringsdagen, noko som gir eit mykje større grunnlag for merksemd i blant anna media.
